Turne i Rogaland 28.-30.mars

Siste helga i mars set divisi kursen mot Rogaland! Helga startar i Salem, Stavanger fredag 28. mars med konsert kl. 20:00. Laurdagen blir det konsert i Jørpeland kirke kl.20:00, før det heile blir avslutta i Riska Kirke søndag kl. 18:00.

Dei siste ti åra har mange norske kor vist at dei er dyktige innan gospelsjangeren. Men det meste som er gjeve ut i denne perioda, har vore på engelsk. Hausten 2011 sette divisi og dirigent Anders Berglund i gong prosjektet som skulle ende med ein CD som inneheldt heilt nye gospelsongar, skrive på Norsk. CD-en fekk namnet "Du Er", og vart utgjeven sommaren 2013. Songane på plata er skrive av mellom anna Anders Berglund, tidlegare dirigent Halvard Aase og Ingelin Reigstad Norheim. 

På konsertane denne helga vil temaet dermed vere "gospel på norsk", og de vil få høyre songar frå CD-en "Du Er". divisi vil som vanlig ha med seg dyktige musikarar. Frode Mangen (tangentar), Halvard Aase (bass) og Thomas Gallatin (trommer). Det blir lova både vare ballader og skikkeleg gospeltrøkk! 

Velkomne til konsert! 

I Riska kirke vil også det lokale gospelkoret Kraftôr vere med.

Konsertane:

Salem, Stavanger: Fredag 28.mars kl. 20:00 

Jørpeland Kirke: Laurdag 29.mars kl. 20:00

Riska Kirke: Søndag 30.mars kl. 18:00

Billettar: Voksne kr 150,-  Student/barn kr. 100,- 

 

 

 
 
- Antall besøkende: 946865 - Online: 1 - Sist oppdatert: 22.02.2024 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart AESTON
divisi